Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Spynorsk

13.04.2024 - 28.09.2024

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1365,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost


Scandic St. Olavsplass kr. 1365
Scandic Solli kr. 1415
Grand by Scandic kr. 1940
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Spynorsk - Det Norske Teatret

The Musical.
Av Are Kalvø. Musikk av Ingrid Bjørnov.



Ein ny musikal om demokrati, språk, pågangsmot, vaflar og draumar, og ikkje minst om Ivar Aasen, i splitter nytt og nokså uvant superheltlys.

 

Vi er i året 2042, der folket, etter årevis med skjerm i skolen og upålitelege politikarar, har mista gnist, glød, håp og draumar for framtida. I dette trøyttsame universet snublar ei ung kvinne over ei gamal pappeske med bøker, mellom anna ein biografi om Ivar Aasen.

Kvinna - med namnet Aase Ivarsen - kjempar seg gjennom innleiinga og dei første sidene, og blir djupt imponert over det ukuelege pågangsmotet og dei skyhøge ambisjonane til den sjenerte, vestnorske språkforskaren. Utan å ha lese boka ferdig set Aase seg føre sjølv å dra i gang eit liknande prosjekt, for å vekke folket frå likegyldigheitas tunge døs. Dermed er det duka for tidenes roadtrip, med ein svært uortodoks versjon av Ivar Aasen på slep.

 

Det er ei dystopisk framtid Are Kalvø diktar fram. I eit samfunn der ingen lenger engasjerer seg i noko som helst blir det nokså lett for hovudpersonen Aase Ivarsen å bli ei leiestjerne. Men kva er det eigentleg ho leier folk mot? Og korleis er hennar eige forhold til sanninga?

 

I rollene:

Julie Moe Sandø - Aase Ivarsen

Frank Kjosås - Ivar Aasen

Bartek Kaminski - Geir

 

Du kan lese mer om forestillingen HER

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo