Are Kalvø - Stavanger Konserthus, ZetlitzAre Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.
Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.
Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.
Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.
For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling.
No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?
ARRANGØR:
|