Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Tryllefløyta

22.04.2023 - 26.05.2023

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1265,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost


Scandic St. Olavsplass kr. 1265
Grand by Scandic kr. 1815
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Tryllefløyta - Det Norske Teatret

av Wolfgang Amadeus Mozart og Emanuel Schikaneder
Mozarts klassiske meisterverk i ei fortrollande og fantasirik oppsetjing.



Tryllefløyta er både eit eventyr, ein romantisk komedie og eit syngespel på ei og same tid. Vi møter ein vakker prins, ei fanga prinsesse, eit monster, ein tilsynelatande vond trollmann, fuglefangaren Papageno og sjølvaste Nattas dronning – og det blir mange forviklingar og humoristiske innslag. Regissør Ole Anders Tandberg har tidlegare sett opp ein versjon ved Stockholmsoperaen, full av opptrinn og overdådige scenebilde. Framsyninga blei hylla av kritikarane og trekte eit stort publikum. No skal Tandberg skape ein ny versjon for Det Norske Teatret, i det som vil bli ei feiring av Mozarts livfulle og morosame klassikar.

 

Det handlar om krafta i kjærleiken og musikken, om kampen mellom det gode og det vonde og om å finne sin veg i livet.

 

Tryllefløyta på Det Norske Teatret?

Det er kanskje ikkje den mest opplagde tittelen i eit teaterrepertoar, men så er det heller ikkje ei rein operaframsyning som tek form på Hovudscenen til våren. Utgangspunktet for verket var nettopp teaterscenen. Mozart og kompanjongen Schikaneder skreiv faktisk stykket for eit folkeleg teater som eit humoristisk syngespel. Verket har vore elska av publikum og kunstnarar over heile verda heilt sidan det blei skrive i 1791, og inneheld nokre av dei absolutt mest kjende «opera-hitane». Sjølv dei som ikkje reknar seg for å kunne noko særleg om klassisk musikk, vil kunne nikke attkjennande til mange av musikkstykka i Tryllefløyta. Ingmar Bergman omtalte jamvel verket som «verdas beste musikal». Opphavleg blei Tryllefløyta framført på komponistens morsmål, for at det skulle appellere til eit folkeleg publikum, med songarar og skodespelarar side om side. I denne versjonen er det eit reint skodespelarensemble som skal få bryne seg på Mozarts velkjende tonar. Musikken vil få ny orkestrering under leiing av Trond Lindheim.

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo