Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Sporv og Engel

24.03.2023 - 20.05.2023

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1120,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost


Scandic St. Olavsplass kr. 1120
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Sporv og Engel - Det Norske Teatret

av Daniel Große Boymann og Thomas Kahry.


Radikalt forskjellige, men med den same kjærleiken til kunsten. Dette er forteljinga om venskapen mellom Marlene Dietrich og Edith Piaf.

 

Ei er dotter av ein prøyssisk offiser, den andre er barnet til ein sirkusartist og gatesongar. Ei veks opp på privatskole i Weimar, den andre i eit horehus i Normandie. Ei skiftar partnar som andre skiftar klede. Den andre drøymer om evig kjærleik. Ei døyr som 91-åring, som den største stjerna Tyskland har fostra. Den andre døyr berre 47 år gammal, og Frankrike bryt ut i landesorg. Over 40 000 følgjer kista hennar på den siste ferda.

  

Marlene Dietrich, den blå engelen, og Edith Piaf, sporven frå Paris, møtest i 1948. I New York er det mogleg for Marlene å gløyme at ho er tysk, og for Edith at ho ein gong var ein simpel tiggar. Takka vere Dietrich blir Piaf tatt inn i dei høgare krinsar i verdsbyen. Frå da av deler dei to divaene eit intenst vennskap, som kanskje er sannare og djupare enn dei mange kjærleiksaffærane deira med andre.

 

Ann-Christin Rommen kjem tilbake til Det Norske Teatret for å undersøke kva dette overraskande og rørande forholdet mellom desse to kvinnene kan ha vore. Rommen har vore co-regissør ved Robert Wilsons oppsettingar av Peer Gynt og Edda. Med seg har ho kostymedesignar Julia von Leliwa og scenograf Jens Sethzman.

 

Ingeborg Sundrehagen Raustøl spelar Marlene Dietrich og Gjertrud Jynge spelar Edith Piaf.
Regi: Ann-Christin Rommen

 

Du kan lese mer om forestillingen HER

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo