Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Snøsøstera

29.10.2021 - 18.12.2021

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 930,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost
Tillegg barn: 410 kr inkl. billett
(maks 2 barn inntil 12 år, på samme rom)


Scandic Victoria kr. 930
Scandic City kr. 930
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Snøsøstera - Det Norske Teatret

Magisk juleforteljing for heile familien.


Det er 1. desember og snart jul. Men i år gruer Julian seg, sjølv om julaftan til og med er fødselsdagen hans.

 

Heime hos Julian er nemleg ingenting som det plar vere i desember. Ingenting er som det brukar å vere i det heile. Mor og far til Julian veit knapt kva dag det er, enda mindre at det snart er jul. Vanlegvis er desember den beste tida av året. Han elskar lukta av klementinar og peparkaker, stearinlys og spenninga i adventstida. Men i år er jula avlyst. Storesøstera til Julian døydde nyleg, og sidan har ikkje foreldra vore seg sjølve. Julian er stort sett overlaten til seg sjølv. Alt ser bekmørkt ut - inntil han møter ei underleg jente som heiter Hedvig.


Snøsøstera 
er ei varm historie om sorga over å miste ei søster og gleda ved å få ein ny venn, om overnaturlege ting og ekte juleglede.

 

Maja Lundes juleroman i 24 delar med nydelege teikningar av Lisa Aisato blei utropt som ein klassikar allereie da den kom ut i 2018. Boka blei ein braksuksess med rekordhøge lesartal, og fleire aviser rulla terningkast 6. Det Norske Teatret er stolte av å vere dei første til å løfte fram denne varme historia på teaterscenen.


Passar frå 6 år og oppover.

Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Kilden teater og konserthus.

Urpremiere 23.oktober 2021.

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo