Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Slåttekar i himmelen

07.03.2020 - 28.11.2020

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1060,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost


Scandic City kr. 1060
Scandic Holberg kr. 1060
Scandic Vulkan kr. 1080
Scandic Solli kr. 1110
Scandic Victoria kr. 1110
Scandic St. Olavsplass kr. 1130
Grand by Scandic kr. 1530
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Slåttekar i himmelen - Det Norske Teatret

av Edvard Hoem.
Første boka om Slåttekaren blir teater
Om menneskeleg livskraft, mot, tvil og håp.



Nesje, eller slåttekaren som han blir kalla, er enkemann og har ein son å ta seg av. Han finn kjærleiken på ny med Serianna, ei kvinne som røyker pipe og får Nesje med på seifiske. Gjennom eit liv med hardt arbeid og store val, blir ungeflokken større. Kvardagen er eit slit for å skaffe familien eit verdig liv, som hos så mange småkårsfolk langs Romsdalsfjorden. Draumen om ein ny start gjer at mange vel å selje ut, bryte opp og setje kursen over til det lova landet i vest. Gjertine, søstera til Serianna, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å kome brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.

 

Teaterframsyninga er basert på den første romanen i serien som følgjer Nesje-slekta frå Rekneslia i Molde til prærien i Amerika. Ei forteljing som ikkje berre er ei skildring av forfedrane til Edvard Hoem, men også eit stykke norsk historie. Dei fire bøkene i slektskrønika om slåttekaren: Slåttekar i himmelen, Bror min på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har hatt eit opplag på over 300 000 bøker og vunne ein stor lesarskare. Bentein Baardson har regien på Slåttekar i himmelen, ei oppgåve han ser på som ei stor utfordring. – Eg gler meg og kjenner ærefrykt i møte med slåttekaren, seier regissøren.

 

Slåttekar i himmelen er ein samproduksjon med Teatret Vårt i Molde. Kristian Lykkeslet Strømskag skal dramatisere romanen. Arne Nøst har scenografien, medan Ingrid Nylander har ansvar for kostyma. Urpremieren er 7. mars 2020 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Premieren på Teatret Vårt er 15. august 2020. Framsyninga skal på turné 9 stader i Møre og Romsdal.

 

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo