Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Peer Gynt

15.09.2018 - 07.12.2018

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1055,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost


Scandic St. Olavsplass kr. 1105
Scandic Victoria kr. 1105
Scandic City kr. 1105
Scandic Solli kr. 1055
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Peer Gynt - Det Norske Teatret

Peer Gynt
av Henrik Ibsen



Peer Gynt er ved vegs ende. Han er sliten, medtatt og trøytt. Ferda gjennom livet har gitt mange oppturar, og enda fleire nedturar. Han har vore storkar og briska seg ute i verda. Møtt folk og skapnader, levd eit sjølvsentrert, vitalt og engasjerande liv.

 

Peer ville vekk – vekk frå Noreg, men mest vekk frå seg sjølv. Han ville skape seg om, utfalde seg, bli rik, han ville forbruke og han ville nyte. Men mot slutten av livet vender han heim, tungt merka av erfaringane han har gjort seg. No må han stå til rette for sitt eige liv. Kven var han eigentleg? Og toler livet hans møtet med Knappestøyparen?

 

Toralv Maurstad gir i denne versjonen av Ibsens storverk liv til den gamle Peer. I sitt siste og endelege oppgjer, er dette en Peer som ser tilbake på det livet som er levd. Frå erindringas mørkerom blir publikum tatt med i ein minnestraum. Ein lang rad ulike minne dukkar opp. Det er som om Peer blar fram og tilbake i sitt eige fotoalbum, der eit heilt liv blir bretta ut og framkalla. Ut av minnet stig historier, møte og erkjenningar som blir spelt av eit stort ensemble på 14 skodespelarar.

 

Toralv Maurstad ser fram mot å bryne seg på den gamle kjenningen. 91-åringen har spelt Peer Gynt både som ung og midt i livet. – No har eg den erfaringa som gjer det mogleg å spele den gamle Peer på ein måte eg aldri har makta før, seier han om rolla. – Eg ser ikkje på Peer som ein løgnar. Han har ein altfor frodig og utemma fantasi. Han skryt og diktar, med sjarm og vidd. Feilen er at han misbruker fantasien sin for å imponere og for å få merksemd – også hos damene. Det blir interessant å ta eit oppgjer med eit slikt liv. Eg trur han må innstille seg på å bli smelta om, gå inn i massen blant andre menneske. Slik vi alle kanskje må vere budd på.

 

For mer informasjon sjekk www.detnorsketeatret.no

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo