Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Into the Woods

23.04.2021 - 30.04.2021

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1000,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost


Scandic St. Olavsplass kr. 1000
Scandic Victoria kr. 1000
Grand by Scandic kr. 1400
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Into the Woods - Det Norske Teatret

Bli med inn i skogen, og eventyra du trudde du kjente.


Det var ein gong ein barnlaus bakar og kona hans. Dei ønsker over alt i verda å få eit barn. Men ei heks har kasta ei forbanning over familien. For å bryte forheksinga, og få det etterlengta barnet, må dei løyse fleire oppgåver. Men dess lenger inn i skogen dei kjem, dess mørkare og meir skrudd blir eventyret.  

 

Basert på kjente eventyr

Into the Woods møter vi Raudhette og ulven, Jack og bønnestengelen, Rapunsel og Oskepott. Men vi får også høyre historia om kva som skjedde etter «snipp snapp snute». Kvifor er overgangen frå barn til vaksen så vanskeleg for Raudhette? Er livet på slottet så fantastisk som Oskepott hadde håpa? Blei Jack lykkeleg av all rikdommen? Er det eigentleg mogleg å leve lykkeleg til sine dagars ende når skogen er full av utruskap, morskompleks og død? 

 

Skrekkversjon

Med humor og råskap har Stephen Sondheim og James Lapine laga ein musikal som snur dei kjente eventyra på hovudet. Resultatet er ein vaksen skrekkversjon av barndommens forteljingar. Du må inn i skogen, gjennom skogen og ut igjen. Kven du er på den andre sida, er det ingen som veit.  

 

Musikk og songar av Stephen Sondheim, manus av James Lapine.

 

Anbefalt alder: Frå 12 år og oppover.

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo