Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Frost

18.10.2023 - 27.04.2024

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1340,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost

Max 2 barn under 12 år og 2 voksne i samme rom.
Tillegg for barn 445 kr


Scandic St. Olavsplass kr. 1340
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Utsolgt. Kun tilgjengelig via telefon.



Frost - Det Norske Teatret

Disneys Frost: Musikalen
Heilt ny iscenesetjing i dei nordiske landa.



Vesturport i samarbeid med Det Norske Teatret, Nasjonalteateret på Island, Stockholm Stadsteater og Helsingfors Stadsteater sin versjon av Disneys Frost.


Vesturport Teater, med den kunstnarlege leiaren, islendingen Gísli Örn Garðarsson, i front, skal skape ein ny versjon av Disneys musikal Frost, i Noreg, Island, Sverige, Finland og Danmark. Produksjonen er eit samarbeid mellom Vesturport og Det Norske Teatret i Oslo, Nasjonalteateret i Reykjavik, Stockholm Stadsteater og Hersingfors Stadsteater. Det danske samarbeidsteateret vil bli offentleggjort på eit seinare tidspunkt.


Saman skal desse teatera skape ein ny sceneversjon av musikalen som opphaveleg er produsert av Disney Theatrical Productions. Som på Broadway vil denne iscenesetjinga av Frost ha musikken og songtekstane til dei Academy Award-vinnande songskrivarane Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez, med manus av den Academy Award-vinnande dramatikaren Jennifer Lee. Gísli Örn Garðarsson har regi på denne nye sceneversjonen, og har med seg eit kunstnarleg lag som inkluderer scenograf Börkur Jónsson og kostymedesignar Christina Lovery. Desse skal ta i bruk heile den nordiske fargepaletten i arbeidet sitt.


Frost er basert på Disney-filmen med same namn og det opphavlege eventyret «Snedronningen» frå 1844 av H.C. Andersen. Det er historia om to søstrer: Elsa som er isolert med ein mystisk hemmelegheit og Anna som legg ut på ei reise for å redde henne.


Eventyret hentar inspirasjon frå geografiske, mytologiske og kulturelle tradisjonar i den nordiske kulturfellesskapen og vi er begeistra over å kunne bringe vår eigen bakgrunn frå Frost inn på scenen i denne nye og spennande teaterstorhendinga. Frå scenen får du høyre “La det gå” og “Skal vi lage snømann” saman med dei andre hit’ane frå filmen, og eit gjennomkomponert verk som inkluderer 12 nye songar frå dei opphavelege Academy Award-vinnande songskrivarane. Desse er skrive spesielt for sceneversjonen.

 

Frost vil ha premiere på Det Norske Teatrets Hovudscene 14. oktober.

 

I rollene:

Mimmi Tamba - Elsa

Ina Svenningdal  - Anna

 

For mer informasjon les HER

 

 

 

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo