Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Det Går Betre No

21.09.2018 - 20.10.2018

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 975,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom, og frokost
Spilles på Scene 2.


Scandic St. Olavsplass kr. 1025
Scandic Victoria kr. 1025
Scandic City kr. 1025
Scandic Solli kr. 975
Scandic Holberg kr. 975
Scandic Vulkan kr. 975
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Det Går Betre No - Det Norske Teatret

- Eller gjer det eigentleg det?
Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv - når ein innst inne er engsteleg av natur?



Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med å  frykte det aller meste.

 

Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kameratene sine i hagen til naboen på Randaberg. Denne barnelege hendinga bekrefta den indre frykta for kva livet vil føre med seg av farer og utfordringar. 

 

Den som går med frykta får som regel bekrefta at det er god grunn til bekymring. Som til dømes då han fekk konstatert lungekreft – og hadde det i 24 timar – før det viste seg at det var ein annan sitt røntgenbilde.

 

Den største frykta er likevel å bli galen og at psykiateren skal seie han er klin kokos. Men da han først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vere.

 

I soloframsyninga Det går betre no viser Tjøstheim ei ny side, og fortel personlege historier frå sitt ytre og indre liv. Som presteson med vaklande gudstro er håpet at englar skal komme for å redde han når livet er på sitt aller mørkaste. Englar med vinger, eller berre med kvit frakk.

 

Men heldigvis, det går betre no. – Eller gjer det eigentleg det?

 

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo