Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Charlie & Sjokoladefabrikken

09.11.2019 - 21.12.2019

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1115,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost
Tillegg barn: 375 kr inkl. billett
(maks 2 barn inntil 12 år, på samme rom)


Scandic St. Olavsplass kr. 1115
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Charlie & Sjokoladefabrikken - Det Norske Teatret

Verdas mest smakfulle musikal kjem hausten 2019!
Bli med inn i sjokoladefabrikken som gir deg vatn i munnen og fritt spelerom for fantasien!
Her er ingenting for godt til å vere sant, sjølv om alt ikkje er så søtt som det ser ut.



Charlie Bucket bur saman med foreldra og besteforeldra i eit falleferdig hus. Han er lei av kålsuppe og drøymer om å komme inn i den enorme sjokoladefabrikken til Willy Wonka, den fenomenalaste sjokoladefabrikanten i verda! Men ingen har sett Wonka på mange år, og ingen får komme inn i fabrikken. Alt ein ser er mystiske skuggar i vindauga, og uendelege mengder sjokolade som blir køyrt ut gjennom jernportane.

 

Men ein dag kjem nyheita: Willy Wonka har gøymt fem gullbillettar i fem sjokoladeplater. Dei fem heldige vinnarane får bli med inn i fabrikken. Jakta på gullbillettane er i gang. Ein etter ein blir vinnarane annonserte. Dei er glupske, bortskjemde, obsternasige og betrevitande barn av verste sort! Det er berre ein gullbillett igjen. Vil Charlie få oppfylt sitt største ønske? Vil han få oppleve magien i Wonka sitt fantastiske godteriunivers?

 

Roald Dahl har skrive nokre av dei mest lesne og elska bøkene for barn som Heksene, SVK, Danny og den store fasanjakten og Matilda. Felles for bøkene er ei magisk-realistisk verd der hovudpersonen blir transportert frå den grå kvardagen til det spektakulære. Hovudpersonen og helten er barn, og dei vaksne er ofte både dumme og slemme. Men også barn kan vere ufordragelege i Dahl sitt univers, som til dømes iCharlie og sjokoladefabrikken. Boka kom i 1964 og er selt i meir enn 13 millionar eksemplar og utgitt på over 30 språk. Mange hugsar også dei to filmatiseringane, med Gene Wilder og Johnny Depp i rolla som den eksentriske sjokoladefabrikanten.

  

Charlie og sjokoladefabrikken er ei herleg dryg og mørk historie for både barn og vaksne, der dei slemme får som fortent og dei snille får oppfylt sine søtaste draumar. Møt Oompa-Loompaar, ein ekorn-hær, ein sjokoladeinnsjø og glasheis. Dette er ei hyllest til fantasien og skaparkrafta, for i fabrikken til Willy Wonka er det berre lov å spørje «korleis», ikkje «kvifor», og du må tru det for å sjå det.

 

For mer informasjon sjekk www.detnorsketeatret.no

 

 

 

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo