Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Bienes Historie

05.09.2020 - 02.10.2020

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1130,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost


Scandic Holberg kr. 1130
Scandic City kr. 1130
Scandic Solli kr. 1180
Scandic Vulkan kr. 1150
Scandic Victoria kr. 1200
Scandic St. Olavsplass kr. 1200
Grand by Scandic kr. 1600
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Bienes Historie - Det Norske Teatret

Nyskriven musikal basert på romanen til Maja Lunde.


Frøhandlar og sjubarnsfar William er ein mislykka biolog i England på 1850-tallet. Ein gong var han eit naturvitskapleg talent, men melankolien har gjort han sengeliggande. Heilt til den dagen han set seg føre å bygge ein heilt ny type bikube som skal gi både han sjølv og barna heider og ære.

 

Birøktar George opplever at biene døyr biedauden på slektsgarden i USA tidleg på 2000-talet. Ein handlekraftig og litt firkanta George kjempar i motbakke, og har eit håp om at sonen kan bli redninga for garden. Samstundes har den store biedauden, Colony Collapse Disorder, blitt eit kjempeproblem i fleire statar.

 

Året er 2098 i Kina, og Tao jobbar med handpollinering av frukttre sidan biene har døydd ut etter ein global kollaps. Ho har eit sterkt ønske om at sonen skal få ei utdanning og eit betre liv enn ho sjølv har. Men ein dag forsvinn sonen hennar, og ho må ut og leite etter han.

 

Bienes historie skildrar menneskas første spede forsøk på å halde bier, via dagens industrielle landbruk og til ei framtid kor biene er daude. I botn ligg tre historier om relasjonar mellom foreldre og barn, og om menneskas sårbarheit.

 

Historia til den nyskrivne musikalen er basert på romanen med same namn av Maja Lunde. Nils Bech har komponert musikken, og dansarar frå Nasjonalballetten vil sette sitt preg på framsyninga som er eit samarbeid med Den Norske Opera & Ballett. Ingrid Weme Nilsen har dramatisert Bienes historie, Ola E. Bø har skrive songtekstane, Even Børsum har scenografi og Ingrid Nylander er ansvarleg for kostyma.

 

Boka Bienes historie kom i 2015 og er Maja Lundes første bok i ein klimakvartett, med Blå (2017) og Przewalskis hest (2019) som dei to neste. Bienes historie er omsett til 36 språk og utgitt i 50 land.

 

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo