Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Stengd gitar

08.10.2021 - 23.10.2021

Det Vestnorske Teateret
(Se kart)



Pris fra kr 965,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost

2-retters middag inkl. på Neptun.


Scandic Neptun kr. 1265
Scandic Byparken kr. 965
Hotel Norge by Scandic kr. 1190
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Stengd gitar - Det Vestnorske Teateret

Jon Fosse sin kritikarroste roman «Stengd Gitar» vert no teater i ein musikalsk versjon iscenesett av Fredrik Longva. Med Reidun Melvær Berge (skodespelar) og Even Kjelby (musikar).


«Bortover gangen, og føtene er tunge mot golvet. Døra slo igjen og ungen begynner å grine. Eg går med tunge føter bortover mot heisen. Det er morgon. Full berepose. Ungen skrik.»


Slik byrjar Jon Fosse si sterke forteljing om ei ung jente som har låst seg ute frå leiligheita si. I eit rom av suggerande ubehag og ei dirrande spaning møter vi ei tjue år gamal einsleg mor som ein morgon i desember finn seg sjølv på utsida av si eiga låste dør. Bak denne døra ligg spedbarnet hennas innelåst. No gjeld det å finne vaktmeisteren og få trøyste det skrikande barnet. Men føtene er tunge, sinnet er ullent og handlekrafta vanskeleg å mobilisere. Jenta legg i veg på ei ferd for å finne hjelp. Ei ferd som finn mange omvegar og som etter kvart flettar saman notid og fortid i ei reise gjennom hennar skjebne. Ei reise som fjernar henne meir og meir frå barnet som treng henne.

 

Reidun Melvær Berge skildrar dette utsette mennesket sitt sinn i tett samspel med Even Kjelby sine gitar-tonar. Saman skapar dei eit skarpt innblikk i eit plaga menneske si einsemd.

 

Kunstnarleg lag

Musikalsk versjon iscenesett av: Fredrik Longva
Scenografi og kostyme: Olav Myrtvedt
Lysdesign: Silje Grimstad
Med: Reidun Melvær Berge og Even Kjelby

Lydteknikk: Cem Arapkirlioglu
Inspisient:Tina Horrisland Engedal
 

Plakatfoto: Thor Brødreskift

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen