Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Politi!

25.01.2024 - 24.02.2024

Det Vestnorske Teateret
(Se kart)



Pris fra kr 1005,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost

2-retters middag inkl. på Neptun.


Scandic Neptun kr. 1345
Scandic Byparken kr. 1005
Scandic Torget kr. 1105
Hotel Norge by Scandic kr. 1240
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Politi! - Det Vestnorske Teateret

Ein trilogi om politiet i Bergen. Del 1: 1970-1990


To unge politibetjentar har fått sin første jobb. Dei skal jobbe for politiet i Bergen! Dei elskar byen, men hatar at politiet her har fått så dårleg rykte på seg blant folket. Det er på tide å få alle trolla fram i lyset, så dei sprekk!

 

I denne første delen av trilogien om politiet i Bergen går vi attende til sytti- og åttitalet - år prega av intern strid og offentleg kritikk. Er det ein kultur for vald i politiet? Trur dei at dei er heva over lova? Eller er kritikken konstruert av kvasi-forskarar som ønsker å sverte alle som sit på makt? Dramatikar og regissør Aslak Moe har i ei årrekke laga teater om brennbare tema, som tek utgangspunkt i verkelege hendingar. Han har mellom anna laga teater om ulv i Innlandet, om Arve Beheim Karlsen-saka i Sogn og Fjordane, og no altså om politiet i Bergen.

 

Manus og regi: Aslak Moe.
Scenografi og kostymedesign: Mari Hesjedal.

Skodespelarnamna kjem på eit seinare tidspunkt.

 

Foto/visuelt uttrykk: Stig Håvard Dirdal. 

Varigheit: ca 2 timar med pause

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen