Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Oppdrag Mottro

14.11.2018 - 15.12.2018

Hordaland Teater i Logen
(Se kart)



pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost

2-retters middag inkl. på Neptun Fra 16.11 er Varm Julematbuffet med dans inkludert.

Scandic Neptun kr 1300 / 1620
Scandic Byparken kr 970
Hotel Norge by Scandic kr 1330
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Oppdrag Mottro - Hordaland Teater i Logen

Ei personleg jakt i ei felles fortid
Av og med Linda Eide.



I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?

 

Du kan gle deg til ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier? MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før, og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han, og i alle fall ikkje leva han ut.

 

Endeleg kan publikum få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev , trur det let seg gjera. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre.

 

Varighet ca. 1 time og 15 minutter

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen