Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Min Kenneth

27.11.2021 - 18.12.2021

Det Vestnorske Teateret
(Se kart)



pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost

Varm Julematbuffet inkl. på Neptun.

Scandic Neptun kr 1410
Scandic Byparken kr 915
Hotel Norge by Scandic kr 1140
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Min Kenneth - Det Vestnorske Teateret

Teaterkonsert om Kenneth Sivertsen. Med Sigurd Sele og band. Av Aslak Moe og Sigurd Sele.


«Kenneth Sivertsen er det største som har skjedd på Bømlo sidan Olav Trygvasson kristna oss!» seier Sigurd Sele i framsyninga «Min Kenneth».

 

Sigurd møter sin sagnomsuste sambygding som gitarspelande unggut. Han lærer komponisten og musikaren å kjenne som dedikert fan og coverartist.

 

Men før Sigurd rekk å bli vaksen nok til å bli ein kollega og kanskje til og med ein ven, glir Kenneth vekk i sjukdom og rus - heilt til han går bort julaftan 2006. Då byrjar ei reise for Sigurd. Han vil bli verkeleg kjend med Kenneth. Han vil få grep om fenomenet som prega og inspirerte oppveksten og hans veg til musikken. Han vil forstå verda og løyndomane hans. Han leitar i den musikalske arven Sivertsen etterlot. Han leitar i dei mange forteljingane frå dei som kjente han. Det skal vise seg å ikkje berre bli ei reise i Kenneth sitt sinn, men også i Sigurd sitt eige.

 

Bli med på Sigurds kjærleiksfulle oppgjer med den musikalske storebroren han aldri fekk - gjennom song og musikk, gravalvor og galgenhumor.

 

Kunstnarleg lag:

Med Sigurd Sele og band
Musikarar: Harald Dahlstrøm, Thomas Valeur, Sondre Veland, Ole Marius Sandberg
Av Aslak Moe og Sigurd Sele
Lysdesign: Silje Grimstad 
Scenografisk konsulent: Olav Myrtvedt

Plakat –  Tresnitt av Per Louar. Design: Heidi Fjell. 

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen