Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

I Svarte Skogen Inne

12.05.2023 - 10.06.2023

Det Vestnorske Teateret
(Se kart)



Pris fra kr 1075,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost

Unummererte Sitteplasser.


Scandic Byparken kr. 1075
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

I Svarte Skogen Inne - Det Vestnorske Teateret

av Jon Fosse


Jon Fosse har skrive eit heilt nytt skodespel for Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i Oslo.
11. mai vert det urpremiere i Bergen og det nye skodespelet vert ein del av programmet til Festspillene i Bergen.
I september vert stykket spelt under Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret.

 

Ein ung mann set seg i bilen og køyrer avgarde, så langt han kjem, innover ein traktorvei, forbi nedlagte gardsbruk og mørklagde hytter- til han køyrer seg fast med bilen. Så får den unge mannen det for seg at han kan gå inn i den mørke skogen for å finna hjelp.

 

«I svarte skogen inne» er eit eksistensielt spenningsdrama om einsemd, lengsel, avmakt og skam. Det er ei mektig forteljing om å gå seg vill, i skogen, som i livet. For som den unge mannen seier: «Eg finn aldri fram til noko. Ikkje til bilar, ikkje til folk»

 

«I svarte skogen inne» blir sett opp av Miriam Prestøy Lie. Saman med scenograf Dagny Drage Kleiva og lysdesignar Arne Kambestad, lar ho stykket utspele seg i eit omsluttande scenerom der publikum sjølv vert ein del av scenografien. Komponist Sjur Miljeteig framfører sjølv musikken frå scenen.

 

Jon Fosse er ein av dei største nolevande dramatikarane. Han kjem frå Strandebarm i Hardanger, og sjølv om mange kjenner igjen det typiske vestnorske i hans verk, så skriv han om store universelle tema som menneskelege relasjonar og om liv og død, som folk i alle verdsdelar kan relatere seg til. I dag blir teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.

 

Fosse har skrive dramatikk sidan tidleg i 1990-åra og eit Fosse-stykke vart uroppført første gong i 1994. Internasjonalt er Fosse mest kjend som dramatikar, og han har skildra å skriva dramatikk som den største openberringa i sitt forfattarliv.

 

Fosse har skrive over 30 teaterstykke, til dømes «Nokon kjem til å kome», «Namnet», «Vinter», «Ein sommars dag», «Draum om hausten», «Dødsvariasjonar», «Svevn» og «Eg er vinden».

 

Urpremieren på «I svarte skogen inne» vert den 31. urpremieren på eit heilaftans teaterstykke frå Jon Fosse.

 

Kunstnarleg lag

Regissør: Miriam Prestøy Lie.

Scenograf og kostymedesign: Dagny Drage Kleiva.

Lysdesign: Arne Kambestad.

Musikk: Sjur Miljeteig

  

Med:

Den unge mannen:         Karl Vidar Lende

Den unge kvinna:           Reidun Melvær Berge

Den eldre kvinna:           Arnhild Litlere

Den eldre mannen:        Svein Roger Karlsen

Musikar:                         Sjur Miljeteig

 

Produsert av Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i samarbeid med Festspillene i Bergen.

Det visuelle uttrykket til framsyninga (plakaten) er laga av kunstnar Nikolai Torgersen.

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen