Heimatt - Det Vestnorske Teateret
Musikalske høgdepunkt 1965-2005
For fem år sidan sparka Det Vestnorske Teateret i gong “HEIM” og starta tidsreisa gjennom Vestlandet frå 1965 til 2005. Det vart ein stor suksess og mange fann vegen til teatersalen og delte felles minne gjennom dei fire kapitla. Vi har vore på Frekhaug, Kleppestø, i Tyssedal, på Mongstad og på Stord, berre for å nemne nokre stadar. Vi har høyrt historier om utferdslengt og heimenostalgi. Om røter i heimbygda og om verda der ute som kom nærare og nærare. Vi har minnast forlis og plattformvelt, møtt karakterar som kjempar for si bygd i møte med industrialisering, utbygging og forureining. Vi har og drukke bobler med jappane, kost oss med kjøpesenteropning og snoreklipping for nye vegar og bruer.
Og ikkje minst har vi sunge med på songane som fulgte liva våre gjennom desse åra.
Ver velkommen til musikalske høgdepunkt frå krønika vår!
Av: Eit utval av våre kjære vestlandsforfattarar.
Regi: Solrun Toft Iversen og Hilde Sol Erdal.
Lys- og videodesign: Silje Grimstad.
Kostyme og rekvisittar: Lise Christensen.
Med: Sigrid Moldestad, Claus Sellevoll, Anne Wiig, m.fl og Voksne Herrers Orkester.
Foto: Thor Brødreskift, design: Heidi Fjell