Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Heim 3

11.02.2020 - 09.01.2021

Det Vestnorske Teateret i Logen
(Se kart)



Pris fra kr 945,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost


Scandic Byparken kr. 995
Hotel Norge by Scandic kr. 1230
Scandic Neptun kr. 945
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Heim 3 - Det Vestnorske Teateret i Logen

Endelig ny spilleperiode!

Forside

BA - "Det vestnorske teateret har nok en gang truffet stemningen fra et tiår der samfunnet vårt forandret seg. Skam på den som sier at 80- og 90-tallet var kjedelig og uten skjellsettende opplevelser.



 

Endeleg er det klart for ekstraframsyningar av Heim 3. Mange av vårt kjære publikum opplevde at framsyninga dei hadde billett til vart stoppa etter nedstenginga i mars. 

 

No har vi fått rydda plass i kalenderen og vi trur det vert fint å spele Heim i førjulstida og i starten av januar. På grunn av smitteomsyn er det plass til under halve kapasiteten. Vent derfor ikkje for lenge med å sikre deg billettar.

 

Det Vestnorske Teateret si vestlandskrønike Heim er no komen til åra 1985 – 95.
På ny har vi samla eit stjernelag av forfattarar som saman med oss tek turen til Vestlandet, til stadar vi kjenner, songar vi hugsar og hendingane som skaka eller mora oss. Vi er komen til tida der Berlinmuren fall, jappe-bobla brast, HIV-angsten reid oss og vi klinka til med Melodi Grand Prix i Grieghallen og OL på Lillehammer. I dette tiåret står vi på terskelen til ein gryande gullalder for det bergenske musikklivet. Vi skal til Nordhordlandsbrua, Stord, Stanghelle, Katten og sjølvsagt til eit nybygd kjøpesenter eller to. Bli med oss til gledelege gjensyn og treffande ettertanke. Bli med oss HEIM.

 

Av:  Frode Grytten, Pedro Carmona-Alvarez, Selma Lønning Aarø, Finn Tokvam, Brynjulf Jung Tjønn, Gunnar Staalesen, Marit Eikemo, Linda Eide, Kristin Auestad Danielsen, Ruth Lillegraven, Claus Sellevoll og Bjarte Hjelmeland.

Med: Peder Lauvås,  Sigrid Moldestad, Claus Sellevoll, Anne Wiig og Irene Waage. 
(Irene Waage erstattar Elisabeth Moberg som er oppteken med andre oppdrag).    

 

Voksne Herrers Orkester: Harald Dahlstrøm, Ole Marius Sandberg og Steinar Krokstad.

 

Regi: Hilde Sol Erdal

Scenografi og kostymedesign: Lise Christensen

Lysdesign: Silje Grimstad

 

Varighet: Ca 2 timer og 20 minutter inkludert pause.

 

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen