
![]() God Dag Herr Jul - Det Vestnorske TeateretMidt i ei forvirrande tid, med flyttekassar overalt og gåver som ikkje har blitt kjøpt, dukkar det opp det eine mysteriet etter det andre: Kvifor blinkar gatelykta? Kvifor blir nabohuset kalla for «Heksehuset»? Kvifor får Malin beskjed om at ho må spionere på naboen? Og ikkje minst; kvifor har naboen hundre juletre i stua?
«God dag, herr Jul» er full av fart og morosame karakterar, og inneheld fleire spanande mysterier.
Forteljinga er på samme tid både ei moderne- og nostalgisk juleforteljing. Forfattar Laura Djupvik borar i spørsmålet: Kva skjer med jula når vi fjernar alt det åndelege og religiøse? Ja, kva handlar jula eigentleg om?
God dag, herr Jul er ei varm og nær familieframsyning, som passar for barn frå 5 år.
Av: Laura Djupvik
Scenografi og kostymedesign: Even Børsum
Rettigheiter: Samlaget Foto/visuelt uttrykk: Stig Håvard Dirdal.
Varighet: ca 2 timar inkl. pause
|