Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Eide & Kråkevik

22.04.2022 - 14.05.2022

Det Vestnorske Teateret
(Se kart)



Pris fra kr 1015,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost

2-retters middag inkl. på Neptun.


Scandic Neptun kr. 1315
Scandic Byparken kr. 1015
Hotel Norge by Scandic kr. 1265
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Eide & Kråkevik - Det Vestnorske Teateret

Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik


Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik og Herborg Kråkevik har ei høna plukka med dei fleste, og i alle fall det meste, og ut på den galeien er ikkje Linda tung å be heller. Og slik går fort ein time og tjue minuttar!

 

For der forfedrene våre tok den tunge men forfriskande samtalen mens dei sat i fred og ribba høner for fjær, tek Kråkevik og Eide samtalen for open scene. Og uansett om den eine er antikk og den andre er retro; ein ting er dei lynande einige om: Fornuften har fordufta! – og tok med seg den befriande galskapen i same slengen. I denne framsyninga er begge delar tilbake, også takka vera trekkspelvirtuos og romsdaling, Heine Bugge.

 

Velkomen til eit uforsonleg ballespark til verdas skakke gang. Velkomen til songar, nummer, karakterar, forteljingar, foredrag, og ein god slump Herborg, Linda og Heine. Lattervekkande og tankevekkande. Vart og voldsomt.  Alt for å mana fornufta tilbake.

 

Varigheit: ca 1 time og 20 min.

 

Kunstnarleg lag

Av Linda Eide og Herborg Kråkevik. Regi Arvid Ones. Scenografi: Lise Christensen
Med Linda Eide, Herborg Kråkevik og Heine Bugge.
Lys- og videodesign: Einar Bjarkø

Samproduksjon med Teater Ibsen

Urpremiere på Det Vestnorske Teateret i Bergen 22. april.
Speleperiode på Teater Ibsen hausten 2022.

 

Plakatfoto Silje Holter
Design: Ims produksjonener

 

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen