Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Andvake

25.05.2018 - 09.06.2018

Hordaland Teater i Logen
(Se kart)



Pris fra kr 970,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom, og frokost.


Scandic Neptun kr. 1040
Radisson Blu Royal kr. 1080
Scandic Byparken kr. 970
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Andvake - Hordaland Teater i Logen

-triologien
av Jon Fosse



Jon Fosse fekk Nordisk Råds Litteraturpris for trilogien Andvake – Olavs draumar – Kveldsvævd. Verket har trollbunde publikum over heile verda og blir no teater.

 

Hordaland Teater er stolte over å kunne presentere urpremiere på ei av vår tid si mest markante litterære forteljingar i ein  sceneversjon av Torkil Sandsund. Urpremieren vert 23. mai, under Festspillene i Bergen. Framsyninga vil ta oss gjennom alle tre romanane på tre timar.

 

Det er seinhaustes og Alida og Asle er kome til Bjørgvin for å finne ein stad å vere. Alida er høggravid, men ingen vil gi dei rom.

 

I trilogien følgjer vi parets kamp for å finne ein stad å føde og korleis dei på ulikt vis vert innhenta og stilt til ansvar for valga dei tek undervegs.

 

Andvake trilogien er forteljinga om ung kjærleik i ei ugjestmild verd, om kjærleik som sprenger sin eigen veg, og om kjærleik som overlev sjølve livet.

 

Dette er ei klasseforteljing og eit tidsbilete som rommar den mystikken og musikaliteten som særmerkjer Fosse. Den vert toneset av dei tidlegare festpelkunstnarane Trio Mædieval.  Levande folkemusikk vert også eit sentralt element med felespelaren Erlend Apneseth på scenen.

 

Det er duka for årets heilt spesielle  teateroppleving når dette verket for første gong møter scenen.

 

Spilletid: Ca. 3 timer

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen