Amadeus - Det Vestnorske Teateret
Drama om geniet Mozart og hoffkomponisten Salieri.
Velkommen til eit storslått dramaog til ei teaterframsyning som famnar fleire av dei verkeleg store, evige tema; som sjalusi og kjærleik, hevn og anger, tru og tvil.
Teaterstykke Amadeus tek utgangspunkt i eit rykte som har vore levande sidan tidleg på 1800-talet: At Mozart vart myrda av komponisten Salieri (!)
I Peter Shaffers fantastiske manus møter vi Salieri dagen han skal døy. Samvitet og angeren riv i han: Han drepte Mozart! Den djupt religiøse Salieri kan ikkje forstå kva Gud ville då han lot han møte den geniale, men samstundes riv hakkande gale, plumpe og barnlege Mozart. For kvifor har Gud gitt Mozart gåva å lage gudommeleg musikk, og ikkje han?
Når Det Vestnorske Teateret no bringer den klassiske musikken tilbake til vår unike hovudscene, så kan du vente deg flotte kostyme, og stor skodespelarkunst frå eit kruttsterkt ensemble, med to gongar Heddapris-vinnar Torbjørn Eriksen i rolla som Amadeus.
Bak det heile ligg den geniale og ubeskrivelege musikken til Wolfgang Amadeus Mozart.
I vår versjon av Amadeus vil den danske musikaren Klaus Risager lydleggje nærast heile framsyninga på sitt spesialbygde piano; tru oss - du har aldri sett eller høyrt makan!
Amadeus blir stadig vekk spelt på teater i ulike delar av verda og er blitt ein klassikar på høgde med dei mest kjende teaterstykka. Mange har også gode minner frå filmen som kom ut i 1984.
Av Peter Shaffer
Omsett av Mari Hesjedal
Regi: Hans Henriksen
Scenografi og lysdesign: Edward Pierce
Kostymedesign: Camilla Bjørnvad
Lyddesign/musikar: Klaus Risager
Dramaturg: Aslak Moe
Skodespelarar: Torbjørn Eriksen, Svein Harry Schöttker Hauge, Reidun Melvær Berge, Lina Taule Fjørtoft, Sigmund Njøs Hovind, Kasper Skovli Botnen.
Foto/visuelt uttrykk: Stig Håvard Dirdal.