For første gong har Klypa premiere i Bergen – og det skjer med eit brak. I år feirar Klypa 25 år, og det blir markert med den splitter nye framsyninga "Det verste frå bygda".
Her får publikum eit gjensyn med alle favorittane: ferjebillettøren Kjellen, den evige optimisten Palle, Strila-Petter, Louis Myklebust – og ikkje minst Thomas i eigen person.
Det blir bygdesladder, skråblikk, musikalske innfall og den typen gjenkjenneleg galskap som berre Klypa leverer.
Thomas Ryste, mannen bak Klypa, har tidlegare fylt salar i Bergen – og denne gongen toppar han det heile.
25 år med karakterar, dialekt og treffsikker humor er samla i éi framsyning som garantert blir ein av haustens store publikumssuksessar i byen.
Framsyninga er regissert av Arvid Ones.
Dette er kvelden for deg som veit at det alltid skjer litt meir på bygda enn det som står i lokalavisa.
Arrangør: Stageway







