Claus Sellevoll har herja revy- og teaterscena på Vestlandet i ei årrekkje til stor jubel frå publikum og presse. Han har gjort seg sterkt bemerka i oppsetningar som Singel & Sand, Vestlandsrevyen, Peer Gynt, Heim-serien og Eggum-musikalen "En natt forbi". No gleder me oss til ein ny sesong med soloshowet "Heim til meg" , som vart ein knallsuksess på Lille Ole Bull hausten 2024 og vintaren 2025!
Claus er både komikar, skodespelar og gardbrukar. Når han inviterer oss heim, er det til eit hus med mange og varierte rom. Bislaget med slagstøvlar og oljeklede, éi stove til best, og éi til kvardags. Her er rom med lys - og krokar med skugge. Frå kjøkenet må du rekna med å få servert meir raspeballar og sosekjøt enn sushi og vegetar.
I «Heim til meg», på Ole Bull Scene, vekslar Claus mellom det lettbeinte og det alvorsame. Han hentar i stor grad materialet sitt frå dei frodige karakterane han har møtt heime i Alversund, og i den mangfaldige strilekulturen.
I år er det 20 år sidan Sellevoll sin scenedebut på nettopp Ole Bull Scene i Bergen. «Heim til meg» er ei framsyning laga av Claus i godt samarbeid med regissør Arvid Ones. På scena får han følgje av Bjarte Aasmul på gitar og Vidar Eldholm på piano.
Hvis du likte Singel & Sand eller Heim-serien, vil dette showet med Claus Sellevoll vere perfekt for deg! Kjøp komplett pakke med billetter, hotell og frokost på Revyogteater.no!







