Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Kan Nokon Gripe Inn

14.01.2017 - 02.06.2017

Det Norske Teatret
(Se kart)



Pris fra kr 1105,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost


Scandic St. Olavsplass kr. 1155
Scandic Holberg kr. 1105
Scandic Victoria kr. 1155
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Oslo

Kan Nokon Gripe Inn - Det Norske Teatret

Karakterane frå Stein Torleif Bjellas låtar blir levande i vårens store musikalske satsing på Det Norske Teatret.

Forside

Aftenposten - Stopper livet ditt i 90 minutter!


Forside

Adresseavisa - En aldeles nydelig forestilling!


Forside

VG - Rått og sårt med Bjella-musikk!


Forside

DB - Bygdeblues og hverdagsdrama!



 

Vi er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er framleis liv i bygninga som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søker kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

 

Stein Torleif Bjellas karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn. Vi møter bandet med den mystiske frontfiguren som er på veg ut i verda. Kanskje skal dei berre på spelejobb to stasjonar unna? Den unge gravide jenta, med barnevogn på slep, som ein gong var den mest populære. No ventar ho på han som sannsynlegvis er far til barnet i magen. Optimisten er han som stadig går laus på nye håplause prosjekt. No er det erobringa av den gravide jenta som står for tur. Pusling har i godt vaksen alder blitt flytta frå mor. No søker han kontakt. Han ber på ein termos med to koppar. Ekteparet Sorgfrid og Hemnaren kjempar på kvar sin kant med sorga over eit barn dei mista. Han er fly forbanna, ho er på veg bort. Frå han, frå alt?

  

Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi på framsyninga. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I Bikubesong (av Frode Grytten, dramatisert av Lasse Kolsrud) følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda. I Sånne som oss (av Frode Grytten/DNS) fekk vi innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. IBikubesong var det The Smiths som lydla scenerommet. John Olav Nilsen og gjengen var tonefølgjet i Sånne som oss. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

 

Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Sjølv har han vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar. Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode liv, som kom ut 7. oktober.

 

Varighet: 1t og 30 minutter, uten pause.

 

Show & Teater i Oslo


Konserter i Oslo