Meld deg på nyhetsbrev




Populære Eventer

Stones in his Pockets

12.05.2017 - 13.05.2017

Logen Teater
(Se kart)



Pris fra kr 1195,-

pr. person i dbl.rom
inkl. billett, 2-rettersmiddag, rom og frokost


Scandic Neptun kr. 1195
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Stones in his Pockets - Logen Teater

Ein prisvinnande tragikomedie.


Ein ny storfilm skal spelast inn inn på den irske landsbygda, og Charles og Jakob har ordna seg statistjobbar på settet. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møte med ein filmmafia av sleske produsentar og verdsvante divaer? 

 

Med få kostymeskift og rekvisittar, kun ved hjelp av kroppsspråk og stemme portretterer Anders Dale  og Svein Harry Hauge alle de 18 ulike personene i stykket. 

 

Stykket hadde urpremiere som pubteater i 1998, og har sidan gått for fulle hus på tre forskjellige scenar i London. Stykket har mottatt ei rekke prisar som beste komedie og nykommar. I Norge er stykket mest kjent med Kåre Conradi og Øystein Reger i rollane.

 

Stones in his pockets går framleis for fulle hus både på Broadway i New York og i West End  i London. Stykket vert spelt over heile verda, blant anna i Brasil, New Zealand, Sør-Afrika, Israel og Japan.

 

Anders Dale  er frå Bergen og kom direkte fra Statens Teaterhøgskole til Rogaland Teater i 1994, der han debuterte som Joe i Tony Kushners Engler i Amerika.

 

Svein Harry Hauge er utdanna ved Statens Teaterhøgskole, og har etter endt utdanning jobba ved blant anna Teater Ibsen, Oslo Nye Teater og Rogaland Teater. I tillegg til sitt virke som skodespelar har han også erfaring som regissør, dramatikar og kunstnerisk leiar.

 

Varighet ca. 2 timer med pause.

For mer informasjon sjekk www.hordalandteater.no 

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen